Eg heiter Else Tømmerbakke og bur på Straumsnes som ligg på sørsida av vakre Dalsfjorden i Sunnfjord. Sidan eg fekk drivhus i 2009 så har eg fått meir og meir interesse for planter og å få fram planter frå frø. Eg sår sommarblomar, stauder og tomatplanter som eg fyller drivhuset med når sommarblomane kan leve ute. Frå hausten 2016 fekk drivhus nummer to og no vonar eg at familien kan verte sjølvforsynte med tomatar og kanskje kan eg selje nokre få ogso.
Heilt sidan starten har eg selt overskotet av plantene eg har fått fram. Mesteparten har eg selt ved at vener og kjende har kome heim til meg og handla og så har eg fyllt opp bilen med planter og selt på forskjellige stader der folk har vore samla.
Dei siste åra har eg ogso sendt planter i posten og har fått gode attendemeldingar på kvaliteten på plantene og pakkemedtode.
Det har ført til at eg i 2017 tok steget til å lage meg ein enkel nettbutikk.