Eg heiter Else Tømmerbakke og bur på Straumsnes som ligg på sørsida av vakre Dalsfjorden i Sunnfjord. Sidan eg fekk drivhus i 2009 så har eg fått meir og meir interesse for planter og å få fram planter frå frø. Eg sår sommarblomar, stauder og tomatplanter som eg fyller drivhuset med når sommarblomane kan leve ute. Frå hausten 2016 fekk drivhus nummer to og no vonar eg at familien kan verte sjølvforsynte med tomatar og kanskje kan eg selje nokre få ogso.
Heilt sidan starten har eg selt overskotet av plantene eg har fått fram. Mesteparten har eg selt ved at vener og kjende har kome heim til meg og handla og så har eg fyllt opp bilen med planter og selt på forskjellige stader der folk har vore samla.
Dei siste åra har eg ogso sendt planter i posten og har fått gode attendemeldingar på kvaliteten på plantene og pakkemedtode.
Det har ført til at eg frå i år tek steget til å lage meg ein enkel nettbutikk.
Eg er sjølvsagt spent på om eg får til ei brukbar butikk som er lett å forstå og enkel å bruke. Eg er ikkje heilt sikker på korleis den vil fungere sjølv enno.
Alt eg driv med er på rein hobbybasis, difor så varierar det kor mykje eg har av kvar plantesort frå 1 til 50 planter. Eg sår sjeldan same sort meir enn ein gong og difor vil utalet endre seg heile tida. Eg legg inn plantene etterkvart som dei veks seg til, det kan hende at det vert eit system som ikkje fungerar i praksis, men eg vil no prøve å sjå.