Prisliste

Frø som er samla i Hagen på Amfjell i 2018

Då er frølista for 2018 nesten klar, det kan komme nokre sortar i tillegg dersom det vert veir slik at dei modnar. Eg har sett lik pris for nesten alle sortane, og eg tilpassar mengda frø deretter. For at det skal vere så enkelt som mogeleg så plussar eg på 20 kr for porto uansett kor mange pakkar med frø du tingar. 

Du kan skrive inn tinginga nederst på sida, eller du kan sende ein e-post til else53@hotmail.com. Eg sender frø etterkvart som tingingane kjem inn, nokre sortar har eg mykje av, andre berre ein porsjon.

Eg har skrive litt om såing for kvar sort. Alle frøa eg har i år er av stauder, dei fleste staudene spirer ved vanleg romtemperatur, medan andre må ha vekslande varm og kald temperatur for å spire (stratifisering). Eg brukar å så staudefrøa i potter etterkvart som eg får dei frå november. Så let eg pottene stå inne ei vekes tid slik at frøa får trekt fukt før eg set dei ut. Då set eg dei inntil ein vegg slik at dei vert verna mot slagregn. Dersom det kjem snø så spar eg snø over pottene. Då spirer frøa etterkvart som temperaturen stig. Det er ikkje alle frøa som spirer første året så eg brukar å la pottene stå to til tre år. Hugs å merke pottene. Lukke til!

Produkt Info Såing Pris
Allium cernuum - prærielauk Blomstrar med rosalilla blomar frå mai til juli, 40 cm, sol, matplante Såast ute, dekk frøa lett 10,00 kr
Allium sp Blomstrar med lilla blomar i lilla blomar i juni - juli Såast ute 10,00 kr
Aquilegia sp gratis
Aquilegia sp Høg akeleie utan sporar Såast ute gratis
Aquilegia sp , den som er på biletet Blomstrar med rosa/gule blomar i juni til august, 40 - 50 cm, sol - halvskugge Såast ute 10,00 kr
Aquilegia vulgaris Pom Pom-serien - pompomakeleie Blomstrar i juni - juli med rosa/kvite fyllte blomar, sol til halvskugge, 70 -80 cm Såast ute 10,00 kr
Aquilegia vulgaris var. stillata 'Black Barlow' - akeleie Blomstrar med mørke burgunderraude blomar i juni - juli, 70 - 80 cm, sol - halvskugge Såast ute 10,00 kr
Astrantia major - stor stjerneskjærm Blomstrar med bleikrosa blomar frå juni til sept, 60 - 90 cm, sol/halvsk Såast ute, dekk frøa lett 10,00 kr
Delphinium sp - riddarspore blomstrar i juli - august med mørke blå blomar, 80 - 100 cm Såast ute 10,00 kr
Digitalis grandiflora - stor røvebjølle blomstrar med gule blomar i juli til september, 70 - 100 cm, sol Såast ute 10,00 kr
Digitalis purpurea Frø av kvite røvebjølle Såast ute gratis0
Eryngium giganteum 'Miss Willmott's Ghost - kjempestikle Blomstrar med sølvblå blomstrar i juli - sept, 70 - 80 cm, sol, to-årig Såast ute 10,00 kr
Geranium sp Blomstrar med blå blomar i juni til juli Såast ute 10,00 kr
Iris chrysographes - stråleiris Blomstrar med lilla blomar i juni/juli, 40 - 50 cm, sol/halvsk, fuktig Såast ute 10,00 kr
Liatris spicata - akssøyleblom Blomstrar med purpurfarga blomar i juli - sept., 50 - 70 cm, sol - skugge, snitt
Lilium pyrenaicum - pyrenearlilje Blomstrar med gule krølla blomar i juni, 70 - 80 cm Såast ute 10,00 kr
Paeonia veitchii- veitchpion Blomstrar med rosa enkle blomar i mvi - juni, 50 - 70 cm Såast ute, spirer andre året 20,00 kr
Penstemon barbatus 'Nana Ronda' skjeggrørblomst Blomstrar i juni - august med blå blomar, vil ha sol og drenert, 30 - 50 cm Såast ferske 10,00 kr
Potentilla recta - stormure Blomstrar med lys gule blomar i juni - juli, 20 - 40 cm Såast ute 10,00 kr
Potentilla recta 'Warrensii' - stormure Blomstrar med gule blomar i juni - juli, 20 - 40 cm Såast ute 10,00 kr
Salvia pratensis 'Rose Rhapsody - engsalvie blomstrar med rosa blomar i juni - august, drenert, sol Så inne/ute 10,00 kr
Silene asterias - stjernesmelle Blomstrar med purpurraude ballar i juni til juli, 50 - 70 cm, sol/halvsk Såast ute 10,00 kr
Stachys macrantha - prydsvinerot Blomstrar med purpurrosa blomar i juni - juli, 30 - 50 cm, sol Såast ute 10,00 kr
Verbascum chaixii 'Album' fransk kongslys Blomstrar med kvite blomar frå jul til sept, ca 100 cm, sol Såast ute, dekk frøa lett 10,00 kr
Verbascum phoenicum 'Violetta' - purpurkongslys Blomstrar med fiolette blomar i juni - august, 70 - , sol100 cm Såast ute 10,00 kr